Enivest opplever for tiden en positiv trend i kundevurderinger.
Pilens retning viser styrken på trenden i løpet av 30 dager.
Klikk for detaljer
Samtale i dag var fin, og han ringde opp som lova, men eg ventar på montør, og det er frustrerande å vere uten nett og tv
Hei Arnhild, Takk for tilbakemeldinga. Vi forstår godt at det er frustrerande å vere utan nett og TV, og vi beklagar at du må vente på montør. Det er godt å høyre at samtalen gjekk fint, og vi jobbar for å få montøren på plass så raskt som mogleg. Takk for tolmodet, og vi håpar du snart er oppe og går igjen. Helsing oss i Enivest
Har hatt dei som internett og tv leverandør i 5 år, og er godt fornøgd (motfor to tidligere leverandører eg har hatt). Det er stabilt og godt nett, sjølv om vi er mange tilkobla med både spill konsoller, tv, mobil og andre wifi duppedingser. Dei få gongene eg har hatt behov for å ringe kundeservice (oftast grunna bruker feil), har eg møtt på hyggelige og service innstilte medarbeidere som er særs effektive og løysningsorienterte, uansett utfordring eller forespørsel eg har ringt dei for. Som andelseigar i burettslag er prisen på 200/200 linje suverent billigast hos Enivest. Ved bestilling eller endringer i abonnementet mitt, har dei aldri vore pågåande med "lokke tilbud" eller prøvd å selge meg ekstra tenester, utstyr eller dyrare abonement enn eg faktisk har behov for, noko som styrkar tilliten og kundeforholdet mitt til dei. Dei oppgraderer jevnleg utstyr (som modem og tuner) kostnadsfritt, slek at eg som kunde til ei kver tid har den teknologien som er nødvendig for å kunne fortsette å ha raskt, stabilt og fungerande internett og tv tenester. Anbefalast på det sterkaste.
Hei Linda, Tusen takk for den flotte tilbakemeldinga! Det gleder oss stort å høyre at du har vore fornøgd med både nettet, kundeservicen og prisane våre gjennom åra. Vi set stor pris på at du trekkjer fram korleis vi jobbar for å gi kundane våre det dei treng, utan å vere pågåande. Det er nettopp slik vi ønsker at opplevinga skal vere. Vi lovar å fortsette å levere stabile og gode tenester til deg og oppdatere utstyret når det trengst. Takk for tilliten, og vi ser fram til å ha deg som kunde i mange år framover! Helsing oss i Enivest
Samarbeidet med Telia drar ned opplevelsen, samt brudd på avtale
Hei Heidi, Takk for tilbakemeldinga di. Eg beklagar at samarbeidet med Telia har påverka opplevinga di negativt, og at du har opplevd brot på avtale. Dette er ikkje slik vi ønskjer at det skal vere. Vi vil gjerne sjå nærare på saka for å forstå kva som har gått gale, og finne ei god løysing for deg. Ta gjerne kontakt direkte, så vi kan ordne opp. Helsing oss i Enivest
Ting kan brått slutte å virke, men måten det blir løyst på er viktigast. (anonymisert navn) er løysingsorientert og lydhøyr på våre tilleggsspørsmål og vi i heimen fekk routeren til å virke.
Hei Josefine, Tusen takk for den gode tilbakemeldinga! Vi er glade for å høyre at du fekk hjelp raskt og at utfordringa vart løyst. God helg :-) Helsing oss i Enivest
Har opplevd rask og svært god kundeservice når det har vore noko. Kan anbefalast!
Hei Stos, Tusen takk for flott tilbakemelding! Vi set stor pris på at du er nøgd med kundeservicen vår :-) Helsing oss i Enivest
Godt nettverk har hatt problem med nettet nokre dager no ringte til enivst de skulle ordne seg sa han til meg
Hei Rodgeir, Takk for hyggeleg tilbakemelding frå deg :-) Helsing oss i Enivest
Litt startproblem, men har godt nett no. Fungerer alltid. Beklaglig at eg ikkje får fortsette på (anonymisert adresse)
Hei Hans, Takk for tilbakemeldinga! Det er godt å høyre at nettet fungerer bra no, sjølv om vi forstår at det er skuffande at vi ikkje kan fortsette å levere på di adresse. Vi set pris på at du har vore kunde hos oss, og vi ønskjer deg alt godt framover. Helsing oss i Enivest