Chilimobil har ikke nok data til å bli vurdert.
Klikk for detaljer
Chilimobil er topp. Eg har hatt Chilimobil sitt Fri Data sidan oppstarten i 2017. Det har vore mange tekniske problem for mange i starten, sidan dette er eit nytt firma, men eg har heldigvis gått klar alle slike problem, utanom ein ting. Eg har hatt problemer med efaktura og avtalegiro på grunn av eit teknisk problem, og diverre tek det ein månad mellom kvar gong eg får moglegheit til å prøve å løyse problemet. Men Chili er hjelpsame og forstår at det ikkje er meininga at det skal vere sånn. Eg ventar på neste månads faktura for å sjå om problema har ordna seg. Eg er veldig tilfreds med kundeservicen så langt. Eg hadde ikkje bruk for kundeservice i starten, men eg fekk høyre at det tok lang tid å komme igjennom. Det er ikkje tilfelle no i mai månad i 2019. Eg får svar på kundeservice omtrent umiddelbart, og der vert eg møtt av hyggjelege bergensarar. Det er ikkje så veldig mykje dei kan gjere med dei tekniske problema eg har med efaktura/avtalegiro, men vi har no prøvd å slette efaktura i systemet slik at det skal gå an å leggje inn på nytt i neste månad. Dette er som sagt truleg berrre ein teknisk feil. Eg har svært stor er faring frå kundeservice til både Telenor og Telenor-eigde Canal Digital, og det å bytte over til Chili er ein sann befrielse. Det er kundeservice i ein heilt annan liga. Chili har eg som inntrykk av at dei faktisk vil behalde kundane sine med å gi god service, i motsetning til Telenor sin strategi som er å bruke bindingstid og hersketeknikkar for det det er verdt. Fri Data er ekstremt mykje verdi for pengane. Eg brukar 50-80 GB kvar månad no, i motsetning til 1 GB/mnd som eg brukte før eg fekk dette abbonementet. Eg brukar blant anna youtube i bilen til musikk, og mobilen som internettdeling til PCen min sidan wifi-signalet ikkje rekk dit PCen står. Chili har 4G av LTE-typen, og det er ofte både kjappare og meir stabilt enn Tussa-breidbandet eg har heime (ikkje fiber). Av og til, eller ofte, slår eg av wifi når eg skal sjå video og liknande og går over til å bruke 4G i staden fordi det bufrar mindre. Eg har tatt såkalt speedtest men eg hugsar ikkje resultata i hovudet. Mobilen min koplar sjeldan ut, men det har skjedd eit par gongar at eg har måtte slått av og på 4G og venta eit minutt. Eg veit ikkje om dette har vore ein feil med mobilen min eller mobilabbonemetet, men det har skjedd så få gongar og i så kort tid at det ikkje har noko å seie. Eg har også spelt litt dataspel med å bruke mobilen som nettilkopling, og sjølv om det ikkje er like kjapt som fiber, så er det mykje lågare ping og mykje meir stabilt enn breidband. Spela eg har prøvd med dette oppsettet er CS:S, Minecraft 1.13-1.14 og MS FSX Steam Edition. Dekninga er det den skal vere. Eg bur på Sunnmøre, og her er mange stader der Telia sitt mobilnett ikkje strekkjer til. Vi har ein Telenor-4G-ruter på hytta med store antenner og den fungerer optimalt, men viss eg vil så kan eg greie å få inn 4G på mobilen med Chili også, viss eg står på rett plass. Som du sikkert forstår så er det generelt veldig dårlig dekning på denne hyttesætra, men det er likevel mogleg å få inn eit snev av dekning. Eg har òg to andre teststader for mobildekning, og her fell Telenor ut med ein gong medan Telia-baserte Chili alltid har Edge og av og til eit snev av 3G/4G (sjølv om dei to siste er så treige på desse stadane at det er betre å manuelt bytte over til Edge). Konkluderingsvis så er eg svært fornøgd med Chilimobil sitt Fri Data-abbonement. Eg ser ikkje for meg å bytte til noko som helst anna, og det finst ingen gode alternativ. Eg blir svært frustrert dersom noko skjer slik at abbonementet av ein eller anna grunn vert endra. Det at det kostar 500kr i månaden er ikkje noko problem for meg, sidan dette abonementet befriar meg frå stressfaktoren som er å prøve å bruke lite data slik ein ikkje stig over grensa. Det er i mine auge verdt pengane.
Dette er det abonnementet vi er mest fornøyd med, og vi har vært kunder hos de aller fleste kjente. God og pålitelig dekning, suveren kundeservice. Eneste å si (for å pirke) er at vi ble begge lovet gratis tv2 sumo i tre måneder. Ingen av oss fikk denne. Men overall meget bra!
Nettet er det dårligste jeg har vært borti og prisen har alltid oversteget hva jeg har blitt lovet. Hjelper ikke mye med fri nettet når det er såpass dårlig. Bytter nok tilbake til telia.
Jeg var fornøyd lenge, men regningene overgikk plutselig avtalegiro beløpet. På en faktura som skulle være rundt 350 fikk jeg salær på 700 kr etter et par dager. Dette fikk meg til å si opp på dagen.
SMS detter jevnlig ut. Det samme gjeldt ICE med en annen telefon jeg hadde. Prøvde også å knytte meg opp på forskjellige geografiske steder, men NEI. De billigste har bugs! dette kan også være fra leverandøren Telenor/Telia
Har nå vært chili mobilkunde i over 2 år og dette fungerer utmerket for meg. Noen småproblemer under relansering av min side, men dette fungerer også veldig bra den siste tiden. Stort sett godt fornøyd med alt fra avtalegiro til henvendelser ang.faktura, hastighet mobildata. Savner mobilapp🙂
Veldig gode på det de selger. Billigste 3gb abonnement på markedet!